Foredrag om Opne data v/Difi – måndag 19. november kl. 15:00

Opne data
Ta eit fagleg avbrekk frå eksamenslesinga og få deg ein pizzabit attåt!
Difi tek turen innom og fortel kva opne data er og kva som skjer på området.
Både studentar og tilsette er velkomne.

TID: måndag 19. november kl. 15:00
STAD: Store Auditorium, Høyteknologisenteret (HIB:SA)

Det vert pizza og brus.

NB! Obligatorisk påmelding her:
http://bit.ly/opnedata1911

Facebook-hending: http://on.fb.me/W767m7

OM FOREDRAGET
Vi vil snakke om kva opne data er, og muligheitene dette inneber både for vidarebrukarar og for offentleg sektor. Vi vil også gje ei innføring i korleis dette kan gjerast i praksis, og kva som skjer i Norge og internasjonalt på feltet.

Opne data-teamet i Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) arbeider med å legge forholda til rette for at offentlige verksemder skal dele sine data slik at dei kan nyttast i nye samanhengar og til nye tenester. Vi har også et ansvar for å støtte vidarebrukarar i deira arbeid med å få tilgang til, og ta i bruk opne data. Vi utviklar http://data.norge.no/ som er eit register over opne data i Norge. Vi tilbyr også rettleiing og eit eige datahotell for dataeigarar utan eigen infrastruktur for deling av data.

OM OPNE DATA
“Offentlige virksomheter har store mengder data som er lagret i interne datasystemer. Åpne data er data som er gjort tilgjengelig slik at de kan leses og tolkes av både maskin og menneske, og slik at alle som vil, enkelt kan viderebruke dataene direkte i sine egne datasystem.
Åpne data er altså data som er fritt tilgjengelig for bruk og viderebruk av alle, både mennesker og maskiner. Dataeiere kan ikke kreve mer enn at man navngir og/eller deler videre på samme vilkår.” – data.norge.no

I dag tilbyr Yr, Avinor og Brønnøysundregistera m.fl. opne data, og fleire er på veg.
UiB har nokre opne data på http://data.uib.no/ og det kjem meir.
Har vi lyst til at det skal sjå meir ut som http://api.uwaterloo.ca/ ?

Les meir om Opne data på http://data.norge.no/
Følg @opnedata på Twitter, og emneknaggen #offdata

ENGLISH:
Agency for Public Management and eGovernment (Difi) will hold a presentation about Open data on 19 November. The presentation will be given in norwegian.

Leave a Reply

Your email address will not be published.

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>