Søknadsprosessen m.m.

American-Patriot

Då kjem mitt første blogginnlegg fra USA! Eg er på ingen måte ein blogger eller særlig flink til å formulera meg skriftlig, så dåke er advart.. Eg velge å kjøra samme stil som Kristen ved å dela opp innlegget i forskjellige deler – og kan begynna med:

Søknadsprosessen

Eg kan forklara ganske kort koss søknadsprosessen var, og så er da bare å ta kontakt på enten Facebook eller mail (mari.l.johannessen@gmail.com), dersom nåken lure på nåke! Sjølve prosessen begynte allerede i januar, så da er viktig å ver tidlig ute dersom du vurdere utveksling – uansett om du reise på høsten eller på våren. Eg bestemte meg ganske tidlig for at eg ville reisa til USA, så eg gjorde ein del research på dei ulike skulane som UiB samarbeide med her før eg rangerte de fem universitetene eg syns virka mest spennande gjennom UiB sitt søknadssystem. På førsteplass hadde eg Boston College, men her forsvant friplassen veldig kjapt så eg fekk mail to uker etter fristen gjekk ut (1. februar) om at eg ikkje fekk plass her, men at eg kunne bli nominert til andrevalget mitt om eg ville da – nemlig University at Albany. Å bli nominert vil sei at du “får lov” til å søke på universitetet av UiB, og dersom du får plass så betale dermed UiB skuleplassen din. Så då kjørte eg på med da, og etter eit par møter med utvekslingsveilederen min pluss mykje papirarbeid så fekk eg endelig svar om at eg hadde fått plass på UAlbany. Da var som sagt mykje papirarbeid, men dersom du er i tvil om utveksling fordi du syns da virke stress å søka, så kan eg trøsta med at da alltid går mykje lettere og meir smertefritt enn ein trur! Etter eg fekk svar fra UAlbany så kunne eg bestilla flybillett og søka om visum til USA. Dei seie at du ikkje bør bestilla flybillett før du har fått godkjent visumet, men siden da sjeldent pleie å ver eit problem med visum, så tok eg sjansen på at da gjekk bra. Og da gjorde da jo heldigvis òg! Søknadsprosessen for å få visum gjekk faktisk mykje bedre enn eg trudde, og etter eit par nettsøknader og eit “intervju” på ambassaden i Oslo så var visumet innvilga.

Bolig

Når eg søkte på plass ved UAlbany, så fekk eg valget om eg ville bu ‘on-campus’ eller ‘off-campus’. Eg valgte å ikkje bu på campus på grunn av eit par ting. For da første så koste da meir å bu på campus enn å finna seg eit kollektiv, spesielt fordi du då er nødt til å betala for ein såkalt ‘meal plan’ – altså du er “nødt” til å spisa alle måltider på skulen. Ettersom eg hadde hørt rykter om at denna maten ikkje akkurat var den sunnaste og beste, så frista ikkje da nåke særlig. Men eg har testa maten ut no når eg har komt her (fordi eg kjenne ein del som bur på campus), og den er faktisk ikkje så ille som dei skal ha da til. Men da blir servert da samma omtrent kvar dag, så variasjonen er ikkje til å skryta av.. Den andre grunnen til at eg ikkje valgte å bu på campus er at du då blir plassert på rom med ein anna person. De har dessuten ganske strenge regler når da komme til å bu på campus, så kombinasjonen med lite privatliv og detta gjorde valget mitt ganske enkelt. Så eg begynte å leita på Craigslist etter kollektiv allerede i mai, men då mest på gøy ettersom eg egentlig hadde tenkt å venta til eg kom til USA for å ver sikker på at eg ikkje flytta inn med nåken weirdos. Men så dukka da opp ei annonse som virka veldig bra, og no bur eg i eit hus sammen med to veldig hyggelige gutter, ein amerikansk og ein kinesisk. Vi videoskypa på forhånd i sommer, så eg var ganske sikker før eg dro på at de var ordentlige folk :)

Huset er veldig romslig og koselig, og eg betale i underkant av 3000 kr i måneden. 2013-08-17 10.45.45

Da er i tillegg veldig sentralt, og bare 2 minutt å gå til buss, matbutikk osv. Dei eg kjenne som bur på campus har litt forskjellige meininger om detta, men de fleste angre litt på at de ikkje fant seg ein egen leilighet. De syns da er veldig sosialt og du blir kjent med utrulig mange folk dersom du bur på campus, men ikkje alle har vært like heldige med romkameratene sine pluss at eit par av de eg kjenne er under 21, og de er utrulig strenge på drikking dersom du bur på campus – og då spesielt visst du er ‘mindreårig’..

Universitetet

Skjermbilde 2013-09-15 kl. 20.21.52 2013-08-18 15.42.55

Eg blei veldig positivt overraska over University at Albany. Sjølve campus er kjempestort og fint, og veldig oversiktlig. Eit par dager etter eg ankom Albany, så var eg med på ei orienteringsveka for internasjonale studenter. Her blei da arrangert mange forskjellige møter om bl.a. kulturen i USA, praktiske opplysninger, sikkerhert m.m, og så på kvelden blei da arrangert bl.a. fotballkamper, stand-up komedie, shoppingturer m.m. Da var ikkje akkurat fadderveke-stemning (null alkohol), men da var veldig lett å bli kjent med folk og da var her eg møtte dei som eg har vore mest med til no. Så begynte undervisningen veko etter, og for å få godkjent oppholdet mitt her så må eg ta fem fag som då tilsvare til sammen 30 studiepoeng. Da var litt styr når eg skulle finne dei ulike fagene og få timeplanen til å gå opp, men eg føle at eg er ganske fornøyd med planen min no. No begynne eg tidligast kl 1430 kvar dag (og dei som kjenne meg veit at da passe meg veldig fint), og eg har fri kvar fredag – woop woop. Dei ulike fagene eg tar er; Network Science, Public informatics, Intermediate Web Development, Introduction to Data and Databases og American Film Genres. Alle fagene virke veldig spennande til no, og med veldig ulik vanskelighetsgrad. Sålangt har eg ikkje hatt så mykje å gjer, men eg ser at da komme til å bli veldig travelt framøve. De har mykje meir kontinuerlige innleveringer og arbeid iløpet av semesteret her iforhold til UiB, og eg har ingen eksamener til jul bortsett fra ein liten multiple choice-prøve i da eine faget. Når da komme til læringsmiljøet her, så merke eg at eg savne å ha ein fast lesesal, og då spesielt fordi da er forskjellige folk i kvart einaste fag eg tar. Klassane er ganske små, så da er lett å få kontakt med folk uansett, men da hadde vært veldig greit å hatt eit felles møtepunkt. Nivået på lærarane er òg veldig bra her og han eine foreleseren min er faktisk CIO for heile universitetskjeden her i New York State (UAlbany er ein del av eit større universitetsnettverk kalt SUNY), så eg trur da blir veldig lærerikt å ha han som lærer i Public informatics.

photo

 

Eg kan avslutta med å skriva litt om byen Albany. Albany er då hovedstaden i New York State, men da er ein veldig liten by med rundt 90-100 000 innbyggere. Universitetene her dominere veldig byen, og ein ser studenter i gatene øvealt. Så sånn sett minne da veldig om Bergen! Sjølve bysentrum er ganske stusselig, og består mest av administrative bygninger. Men når ein kjem litt lenger nord og opp mot universitetet, så er da mange koselige gater med restauranter, puber osv. Her i Albany finne du òg USA sin største Walmart, som ligge rett ved siden av eit gigantisk kjøpesenter med alt du kan tenka deg av butikker. Så da er ikkje mangel på å finna ting å bruka penger på her! Men ein av hovedgrunnene til at eg valgte Albany er at da er både lett og billig å dra til andre byer i nærheten. Eg har allerede vært to ganger i NYC, og skal tilbake igjen om 3-4 uker. Ein tur til Boston er òg planlagt, og til jul så blir da mest sannsynlig ein liten roadtrip på vestkysten til USA. Da er òg mykje fin natur i området her, og spesielt om vinteren så er da visst mange bra plasser ein kan stå på ski (bare synd at da ikkje er akseptert å ver ein nordmann som ikkje er glad i å stå på ski her, så eg må lata som eg syns da er dritgøy kvar gong folk anbefale skiplasser til meg..).

Eg kjem ikkje på så mykje meir å skriva i denna omgong, men visst da er nåke dåke lure på eller vil at eg skal skriva meir om, så er da som sagt bare å ta kontakt! :)

Leave a Reply

Your email address will not be published.

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>